Førre veke spelte kollegaar songen «Optimist» på arbeidsplassen. Det gav god stemning, smil og ein, om ikkje fleire, knipsa bilete eller tok video. Humor, musikk og dans motiverer meg. Det kan vera godt å koma på jobb og fint å koma heim. Variasjonen skaper spenning, eller kanskje balanse er eit betre ord? Då eg titta …
Category Archives: blogg
Dei første gjestane i den nyoppussa stova
Sidan sist har me fått pussa opp den eldste stova. Denne helga har dei første gjestane våre budd her. Me er glade for at dei vil bu hjå oss. Huset vart bygd på 1700-talet og tippoldeforeldra mine tok over bruket i 1855. Per Barsnes (1865-1928) og Kari Nilsdotter Flåten (1868-1945) fostra opp tolv born her …
Hald fram med å lese «Dei første gjestane i den nyoppussa stova»
Til minne om far
Søstrene mine viste meg eit brev dei sende til Einar, faren vår, same dag som eg vart fødd. Dei smilte då eg såg det for nokre år sidan. Det minner meg på at det eg skal skrive, det skriv eg no, ikkje om to veker. I juli månad ville far min fylt år. Han lærte …
Gjerdet
Å sette opp gjerde er sosialt og kjekt, i alle fall om ein er to. Eg fekk god hjelp av min nabo og slektning som er erfaren med slikt. Då gjekk jobben mykje lettare. Når halve grenda stoppa opp på veg forbi, er det ikkje rart det vart hyggeleg. Fleire ville komme med tips og …
Garden: Å gje og ta
Då eg fekk garden, var det ei av dei største gåvene eg har fått. Ei slik utveksling av eigedom, utan nokon garanti for kompensasjon, handlar om sosiale band (Godbout 1998). Resiprositet (attgjeving) er eit fruktbart omgrep, som operasjonaliserer verdiar og gjev dei meining. I det følgjande vil eg skildre kvifor omgrepet er relevant. Ei kvinne …
Innleiing: Å ta over Einehaugen
Kjære lesar, I 2017 tok eg over gardsbruket Einehaugen på Barsnes i Sogndal kommune. Som sjølvstendig næringsdrivande ønskjer eg å dele erfaringar, kunnskap og råd med lesarane på denne nettsida. Målet mitt er å spreie skaparglede og slå eit slag for det gode livet i distrikta. Saman med kona, borna og mor mi er vi …