Sidan sist har me fått pussa opp den eldste stova. Denne helga har dei første gjestane våre budd her. Me er glade for at dei vil bu hjå oss. Huset vart bygd på 1700-talet og tippoldeforeldra mine tok over bruket i 1855. Per Barsnes (1865-1928) og Kari Nilsdotter Flåten (1868-1945) fostra opp tolv born her på Einehaugen. Fire av desse utvandra til Canada, men ein vende heim etter 27 år «over there.»

Det raude kårhuset hausten 2019
Barsnes sett frå Åberge, februar 2020

Den rauda stova er det kvardagslege namnet me nyttar for dette huset, som vart rehabilitert i haust og vinter. Storparten av huset er opphavleg, medan nokre delar er nye. Slik skaper me ein spesiell atmosfære.  

Det går an å tinga overnatting her via Airbnb og Booking.com. Me er spente på etterspurnaden og vonar det kan lokka med eit opphald i fredelege og naturskjønne omgjevandar.

Stova
Kjøkkenet

Ikkje nøl med å kontakta Veila på mobilnummer + 47 482 33 627 om de vil vita meir. Kjell har mobilnummer +47 413 83 186.
Følg med på nettsida eller Instagram @einehaugen og Facebook: Einehaugen. Det lyser no i alle stovene på Einehaugen, det er godt.

2 replies on “Dei første gjestane i den nyoppussa stova”

  1. For et fantastisk sted å være!
    De første gjestene i den nyoppussede røde stua, det var oss, Unni og Christian fra Moss.
    Vi har vært så heldig å få æren av å være de første som tok stedet i bruk etter oppussingen.
    Det har vært et fantastisk weekendopphold i historiske og naturskjønne omgivelser på Barsnes, og med stor gjestfrihet fra Veila, Kjell og jentene.
    Stua er pusset opp i fine farger og har en kombinasjon av antikke møbler og gjenstander fra gårdens historie, samt nye moderne løsninger for kjøkken og bad.
    Stede gir en ro og avslappende atmosfære, -et godt sted å være.
    For ikke å snakke om den flotte utsikten fra sove- og stue vinduet, det gir ro i sjelen.
    Skal du oppleve natur og flott landskap, eller bare slappe av nyte livet og roe ned, ja da skal du bo i den røde stua på Barsnes!

    Tusen takk for at vi fikk bo i den røde stua, vi kommer gjerne tilbake.

    Unni og Christian

    1. Takk, Unni og Christian. Det varmar å høyra desse tilbakemeldingane. De er hjarteleg velkomne tilbake. Kjekt å verta betre kjende. Me har mykje til felles.

      Kjell og Veila

Stengt for kommentarar.