Søstrene mine viste meg eit brev dei sende til Einar, faren vår, same dag som eg vart fødd. Dei smilte då eg såg det for nokre år sidan. Det minner meg på at det eg skal skrive, det skriv eg no, ikkje om to veker.
I juli månad ville far min fylt år. Han lærte meg mykje, og minna er mange etter han. Skrivemaskinene hans vart eg tidleg fascinert av. Skjeggstubbane var gode å ta på, tykte eg som heilt liten. Kortstokkane og tinga han hadde samla gjennom reiser og opplevingar her og der, slik som ein arabisk dolk og kruset frå foreininga Pils og Bayer, sit fast i minnet. Den litt raspete stemma og hjartelege latteren. «Et til du sprekk, det er deg vel unt,» ville han seie til den svoltne sonen rett som det var. Han gjorde mykje for oss. Først arbeida han, og sparte pengar for so å studere. I dag går det i motsett rekkjefølgje, om ein nokonsinne sparar, då.
Eit spørsmål om tru kom fleire gonger på bana i samtalane med far. Eg kunne spørje han om han trudde på Gud. Nøyaktig kva han svarte, hugsar eg ikkje, men eg hugsar kva han svarte når eg spurte: «Kva trur du på?»
«Eg trur på meg sjølv.» Den sjølvtilliten han viste, gjorde inntrykk. I ei tid der hjelpemidla er mange og informasjonen fløymer over oss, er det høgst naudsynt å ha trua på seg sjølv. Difor ville eg ikkje nytte andre hjelpemiddel enn hugset til dette innlegget. Med tida til hjelp er hugset eit sterkt verktøy. Det trur eg på.
Einar understreka at «barneoppdragelse er å gjøre barna i stand til å klare seg sjøl.» Han skreiv gjerne lesarinnlegg i både lokalavisa og VG. Det er mykje meir å komme på. Alle gåvene, flust av brev med avisutklipp og råd, å spreie risiko og investeringar, tenkje før ein snakkar og handlar, muntre ordtak og vitsar, skepsis og kritisk tenkjing. Gleda over frukt og grønnsaker. For ikkje å snakke om gleda over å halde seg i aktivitet. «Det gror ikkje mose på rullande stein.» Han lærte meg å spele sjakk, og då eg vann over han for første gong, vart han forbausa og sa: «Du er ikke så dum, du.» Dei orda gjorde meg stolt.
Han var dyktig på felt eg ikkje kunne stort om. Om vi gjekk i naturen, kunne han latinske nemningar på mangt slags planter. No ser eg nytta av mange lærdommar. Betre seint enn aldri, men vi får ikkje stilt han fleire spørsmål. Vi ytra ikkje so voldsomme erklæringar til einannan, men ein gong høyrte eg «Ich liebe dich, sann,» då eg var i ferd meg å gå ned i kjellaren for å leggje meg. «Auf wiedersehen,» tenkjer eg nett no. Vidvei, stod det ved inngangsdøra på Rødstokken. Vi gløymer deg ikkje. Takk for gode minne.
Takk, Elli. Det var alltid kjekt å høyre om Eggedal, og endå betre å komme dit. Astrid, Einar og eg var i 80-årsdagen til Lars. Vi snakkast 🙂
Takk, min venn. Vi spelte fotball og herja på Stedje. For ikkje å snakke om nettverkshelgene med dataspeling. Sjåast!