Ein haug med historier

Førre veke spelte kollegaar songen «Optimist» på arbeidsplassen. Det gav god stemning, smil og ein, om ikkje fleire, knipsa bilete eller tok video. Humor, musikk og dans motiverer meg. Det kan vera godt å koma på jobb og fint å koma heim. Variasjonen skaper spenning, eller kanskje balanse er eit betre ord?

Då eg titta ut på vêret denne vårdagen, varma solstrålane og praten gjekk livleg mellom venar og kjenningar. For halvanna år sidan gjorde eg om føretaket Einehaugen gard, Barsnes om til litteratur heller enn frukt. Stundom kjennest det sjølvisk ut å sentrera utkoma av ein gard til bokstavar og ord, men når bokstavane og orda kan dansa i takt med tankane og fingrane på tastaturet, held eg på optimismen. Det stod skrive i ei bok om e-læring at språket er ei gjev oppfinning og skriftspråka også er storarta utviklingar av den oppfinninga.

Kva sjanger skal litteraturen so vera? Førebels skriv eg samfunnsvitskaplege artiklar om sosiomaterialitet og relasjonar i offentleg forvaltning. Det er korkje lett eller vanskeleg, men skal det bli bra, må tida og arbeidet leggast i prosjektet. Med rettleiarar som medforfattarar vert det lettare å formidla ideane. Om det ikkje alltid går bra, er det mogleg å snu nederlag til moglegheiter.

Trur du det går bra til sist? Det er ei historie bak kvar av oss.