Gjerdet

Portstolpar og nytt gjerde

Å sette opp gjerde er sosialt og kjekt, i alle fall om ein er to. Eg fekk god hjelp av min nabo og slektning som er erfaren med slikt. Då gjekk jobben mykje lettare. Når halve grenda stoppa opp på veg forbi, er det ikkje rart det vart hyggeleg. Fleire ville komme med tips og til og med låne vekk reiskapar.

Stolpedrivar og spett kom baringar med, og saman fekk vi opp gjerdet etter fleirfoldige timar. Om ein er på rette staden, treng ein ikkje reise so langt for å oppleve og høyre mykje. Innan gjerdet var klart, snakka vi om tema som vêret, livet, naturen, dauden og verdien av arbeid.

«Da e mykje putlearbeid.»