Konseptet mangesysleri vart tidleg introdusert av mentoren min. Han er ein del av ordninga «Bonde hjelper bonde.» Norsk landbruksrådgiving gjorde meg merksam på dette prosjektet, og før jul søkte eg om å vere med som ny bonde. Svaret vart ja, og no har eg ein eigen røynd bonde som ser på drifta og moglegheitene her på Einehaugen!

I utgangspunktet er det økologisk fruktdyrking vi har tenkt på, men vi diskuterer mykje og mangt under møta våre, so kven veit kva utfalla vil verte. Granskande blikk og kritiske spørsmål gjev nye perspektiv og idear, og det er absolutt konstruktivt. Som deltakar i prosjektet er vi inviterte til to felles samlingar med andre mentorar og nye bønder, pluss fem møte på tomannshand.

Det er stas å verte utfordra på visjonar og eigne ambisjonar. Det kan vi alle trenge. Mentoren har erfaringa som trengst, og framstår som ein vis bonde. Vi har fleire fellestrekk når det gjeld interesse for økonomi og filosofi, i tillegg til landbruk då. For ikkje å gløyme at vi begge er fedre og musikkinteresserte. Han vil at eg skal lukkast, men passar på at føtene mine er nokolunde nær jorda. Ein dyktig mentor lyttar også aktivt, og tek omsyn til meiningane mine. Han gjev ein ny bonde verktøy til å sjølv undersøke problemstillingar og finne moglege svar. Eg ser fram til neste møte, då vi skal sjå nærare på hans gard og produksjon. No er det vår, og det blømer.

«Let’s go exploring,» so Tommy sa til Tigern før dei aka vidare i Bill Wattersons siste stripe om duoen. Verda ser ny og lovande ut, full av moglegheiter.