Då eg fekk garden, var det ei av dei største gåvene eg har fått. Ei slik utveksling av eigedom, utan nokon garanti for kompensasjon, handlar om sosiale band (Godbout 1998). Resiprositet (attgjeving) er eit fruktbart omgrep, som operasjonaliserer verdiar og gjev dei meining. I det følgjande vil eg skildre kvifor omgrepet er relevant.
Ei kvinne sa ein gong til meg at «livet er det største foreldrene dine har gitt deg.» Det var like fullt stort å få gardsbruket Einehaugen. Her har forfedrane mine budd sidan 1855. På Barsnes har det vore fast busetnad sidan kring 500 e.Kr. Det er spesielt å tenkje på all aktivitet, strev og leik som har gått føre seg på neset gjennom generasjonar. Då eg var liten, tenkte eg at vaksne folk, dei gjev pengar og gåver til oss born. Det er slik dei er. Enkelt og greitt. Grandtanter på Hafslo og i Eide, bestemor heime, mamma og pappa, mange var dei som gav gåver støtt og stadig. I ettertid vart det klårt at verda ikkje er berre slik, men ho var føreseieleg og trygg den gong.
Studium i sosialantropologi er ikkje det mest vanlege for ein vyrdande bonde, men eg vil understreke verdien og gleda desse kunnskapane gjev meg gjennom innlegg her.
Adam Kuper skreiv i 1988 at avstamming og allianse er aspekt ved eitkvart slektskapssystem. Marcel Mauss er ein av opphavsmennene bak påstanden om at resiprositet er fundamentalt for sosialt liv. Følgjande teori vert lagt fram i Mauss’ verk «Gåva»
«Utvekslingar og kontraktar i både moderne og arkaiske samfunn tek form som gåver, i teorien frivillige, men i røynda er dei gjevne og obligatorisk gjengjelda (reciprocated)» (Mauss 1990: 3)
Marshall Sahlins har skrive: Pengar er for Vesten det same som slektskap er for resten. Antropologar er opptekne av at økonomi er ein integrert del av ein samfunnsmessig heilskap. Økonomiske vanar kan vere rasjonelle innanfor sin bestemte kulturelle logikk. Marshall Sahlins har hevda det finst tre formar for resiprositet i ikkje-kapitalistiske samfunn, som skaper ulike typar sosiale relasjonar.
1. Generalisert resiprositet. Alle slags gåver i samsvar med normer som vektleggjer solidaritet. Det er forventa ei gjenyting seinare, men denne er ikkje spesifisert i tid, kvantitet eller kvalitet. «Forventningen om gjensidighet er ubestemt» (Eriksen 1998: 240).
2. Balansert resiprositet viser til eit direkte bytte, det vi kan kalle kjøp og sal. Omgrepet kan omsetjast som umiddelbart oppgjer.
3. Negativ resiprositet viser til tjuveri, ran, juks og bedrag. Eit antisosialt ytterpunkt. Nokon freistar å få noko for ingenting. Ein freistar å få meir tilbake enn ein gjev.
Sahlins tenkte at generalisert resiprositet gjeld i familien og i den næraste slekta, balansert resiprositet innan landsbyen og kanskje nabolandsbyane, og negativ resiprositet overfor framande og utanforståande. Om ein held fram denne logikken og deler opp ting i ulike sfærar, kan ein sjå at eit gardsbruk er i ein resiprositetssfære. For vår del er gardsbruket ein ting som ikkje kan kjøpast eller seljast for pengar, den einaste måten eg kunne skaffe det på, var ved å få det i gåve.
Ved å sjå framtida her som eit nytt feltarbeid, ser eg meg sjølv som heldig som tek fatt på arbeidet med attgjeving, å yte tilbake. Annette B. Weiner har nytta omgrepet «inalienable possesions» om slike ting. Slik kulahandelen hjå trobriandarane kan handle om å bli namngjeten, er ansvaret ved eit eigarskifte av landbrukseigedom å gjere bruket i betre stand enn ved mi overtaking.
Kong Harald sa i eit intervju i 2017: «På hver gård var det god kutyme å levere fra seg gården i bedre stand enn den var da man selv overtok. Det tror jeg ikke vi gjør med kloden.«
Takk! Hyggeleg å høyre 🙂 Ha ein flott søndag.