Kjære lesar,
I 2017 tok eg over gardsbruket Einehaugen på Barsnes i Sogndal kommune. Som sjølvstendig næringsdrivande ønskjer eg å dele erfaringar, kunnskap og råd med lesarane på denne nettsida. Målet mitt er å spreie skaparglede og slå eit slag for det gode livet i distrikta. Saman med kona, borna og mor mi er vi ein samansveisa gjeng. Jau, hunden Simba er òg med.
Vår visjon på garden er å gjere han levande og vere/verte ein stad der menneske og dyr kan trivast. Her bur vi, tre generasjonar, side ved side. Til dagleg leiger vi ut jorda til ein nabo og venn, og vi ønskjer å lære meir om landbruk og ta ein aktiv eigarskap til gard og grunn. Dette prosjektet er i startgropa, men vi opplever mykje velvilje frå familie, venner samt landbrukskontoret, Innovasjon Norge og Norsk landbruksrådgiving. Difor vil vi ta steget inn i bloggsfæra for å vonleg gje og hauste inspirasjon.
Ha ein signa søndag i hus, heim og hytte. I bygd so vel som i by. Alt godt.
Beste helsing
KEB